Førde er blitt kalla noregsmeister i handel, med ein omsetnad som tilsvarer ein by med det dobbelte av Førde sitt innbyggjartal og med varehandel som nest største næringsveg.
Firda var på nyåret 2020 i gang med eit undersøkande prosjekt om Førde som handelsby, i samarbeid med SUJO. Før koronakrisa trefte var netthandelen de store utfordringa. I mars 2020 søkte Firda om midlar frå Fritt Ord til å utvide prosjektet, for å sjå på korleis Førde vil takle koronakrisa og etterverknadene av den. Gjennom året følgde Firda næringslivet tett gjennom over 20 nyheitsartiklar. Målet var å vise konsekvensane av koronakrisa, etterverknadene av den og utfordringane handelsbyen står i ved inngangen til 2021. Reportasjeleder for prosjektet var SUJOs Kristine Holmelid.
Utviklingsredaktør Marie Havnen om samarbeidet med SUJO
Journalist Ivar Myklebust Longvastølen om samarbeidet med SUJO
– Samarbeidet har vore nyttig og inspirerande på den måten at rettleiarane Kristine Holmelid og Per Christian Magnus har hjelpt Firda å strukturere arbeidet, og dessutan synleggjere ulike val for konkrete saker/reportasjar, sier journalist i Firda, Ivar Myklebust Longvastøl.
Institutt for informasjons- og medievitenskap
Media City Bergen (3.etg)
Lars Hilles gate 30
5008 Bergen